OK. Cosmopolitan er kanskje det ondaste bladet i verda, om ein ser bort frå jihadist-tidskrifter og Nynazist weekly (om det fins). Meir enn alle andre dameblad til saman har dei som premiss gjennom eit kvart nummer at du er ein Cosmo-girl. Ikkje tru det er positivt. Ein kvar Cosmo-girl må nemlig fiksas. Ho får ingenting til i jobb eller i vennskapsrelasjonar, ho har ikkje peiling på mote, burde skjerpe seg i skjønnheitsrutinene sine, og er elendig i senga. Dette dårlege sjølvbildet får du underbygga med artikkel etter artikkel med "hjelpsomme" tips som statistikk som at berre 50% av menn synes det er ekkelt og at damar ser feite ut når dei er øverst i senga, og "Quiz-deg-sjølv" der uansett kva du svarar er konklusjonen at du er ein elendig venninne, at det er et mirakel at kjærasten din ikkje har gått frå deg enno eller at du aldri vil finne kjærleiken nokonsinne.
Men no har dei på eit bortimot utruleg vis faktisk klart å overgå seg sjølve.
For kva faen er dette her.
Ikkje kva dei ikkje er så begeistra for. Ikkje korleis ein kan gjøre det litt meir spanande.
Nei. Det dei hatar. MEST. Premisset er enkelt: i ein kvar seksuell setting vil partnaren din hate noko du gjer. Faktisk fleire ting, så dei kan gradbestemme alle dei tingene dei misliker. Og sjølvsagt handler dette kun om Mannen, for sex, i alle fall i Cosmo, er noko ein skal gjere for å glede sin mann, og om du ikkje får multiorgasmar av det i seg sjølv, må det vere noe alvorleg gale med deg.
Eg screenshota i raseri, og las ikkje artikkelen. Kven retter slike ting seg mot? Er vi så grunnleggende usikre at vi desperat leitar etter ein slags bekreftelse på at vi ikkje er gode nok? Tenk på alle dei unge jentene som får sånne ting som desse som sin inngang til seksualitet og seksualliv? Eg har nærast begynt å tru at disse tipsene er frå jomfruar og/eller puritanere som eigentleg vil at ein skal ha minst mogleg sex, og ser på det å rasere den seksuelle sjølvtilliten.
Og ironisk nok avsluttes alle slike artiklar med "men viktigst av alt, det ein synes er aller mest sexy er sjølvtillit".